
Etter mange års pønsking og putling i det stille steig Oddny i 2023 ut i lyset med utgivinga av «Oktober, Bergen by». Gruppa har sidan markert seg i norsk musikkliv med låtar som «Alma» og «Bittelitt, radiosuksess og ei stadig veksande fanskare.
I tillegg til dette mottok Oddny Luttprisen 2024 i kategorien Årets nykommar. I 2025 er dei mottakarar av Frank Hammersland Minnefond for poplåtskrivarar samt Norsk Viseforum sitt Artiststipend. Debutalbumet deira «Eg trur eg er åt å komme meg/Nye sko» har fått strålande kritikkar av musikkmeldarar og entusiastar.
Den eigne Oddny-sounden ber preg av kombinasjonen sjangerblanding og karakteristisk dialektlyrikk. Dei er kjent som eit særdeles framifrå liveband med brei appell. I 2025 besøker Oddny eit drøss små og store scener og festivalar i Noreg og Sverige!
Guttaboys har musikalsk hovudkvarter i Gamlehuset i Bremanger, der dei i periodar bur saman. Mykje av musikken blir spelt inn her, med trommis og produsent Oliver Igland bak spakane. Oddny gir ut på eige label, HotWater i samarbeid med MATE/The Orchard. Andre gode samarbeidspartnarar er Kai Worley, Øra Mastering og Standing Ovation.